Vårstigen gjennom Drivdalen mellom Dombås og Oppdal
Det er gode parkeringsplasser i begge endene av Vårstigen.
Vi hadde to guidar. Rune Nørstegård fortalde om geologien og historia. Hans-Jakop Dahl fortalde om vegen og arbeidet på den.
«Sumaren 1860» gjekk Aasmund Olavsson Vinje her. Han kunne ha gått hovudvegen, men han hadde lyst å gå den gamle kongevegen.
Han tykte vegen var fin og landskapet kring var flott. Han skreiv eit dikt om dette:
Her so vent det kan meg grøta,
for det om eg er vaksen kar,
for dal og fjell og sol meg møta
som heime då eg liten var.
Eg høyrer som naturens store
og friske, glade hjarteslag.
Ja, Herre, alt det som du gjorde
er ungt som det var skapt i dag.
Det kjærleg på oss alle tenkjer
med leik i dansen frå og til,
og av det gylte hornet skjenkjer
det helsebot til kven som vil.
Kvar sen og sege stram seg spenner,
og løyst eg er av alle band,
og på mitt hovud liksom kjenner
eg livsens varme, signa hand.
Aasmund Olavsson Vinje