All Posts By

Kristin Vågene

Fjelltur

Vårstigen gjennom Drivdalen mellom Dombås og Oppdal

Her er eit lite samandrag av turen vi hadde når vi gjekk Vårstigen. Turen til Vårstigen var ein seniortur med DNT Sunnmøre. Vi budde på Kongsvoll Fjellstue. Vårstigen starter et par km nord for Kongsvoll. Vegen er ca 6,5 km lang. Den er tørr og fin, litt bratt i begynnelsen. Det er laga nye bruer over elvane og mange nye stikkrenner. Fjellgrunnen er svært næringsrik og det er EiT spesielt rikt planteliv her. Mai og juni er fine månader for botanikarar. I tilknytning til Kongsvoll Fjellstue er det ein botanisk hage som er verdt EiT besøk. Gratis inngang.
Det er gode parkeringsplasser i begge endene av Vårstigen.
Vi hadde to guidar. Rune Nørstegård fortalde om geologien og historia. Hans-Jakop Dahl fortalde om vegen og arbeidet på den.

Vårstigen er ein kongeveg som går gjennom Drivdalen mellom Dombås og Oppdal. Alt i 1704 var det mogeleg å kjøre her med hest og karjol.
I 1853 vart hovudvegen gjennom dalen ferdig, og frå då var Vårstigen berre ein sætreveg.

“Sumaren 1860” gjekk Aasmund Olavsson Vinje her. Han kunne ha gått hovudvegen, men han hadde lyst å gå den gamle kongevegen.

Han tykte vegen var fin og landskapet kring var flott. Han skreiv eit dikt om dette:

Her so vent det kan meg grøta,
for det om eg er vaksen kar,
for dal og fjell og sol meg møta
som heime då eg liten var.

Eg høyrer som naturens store
og friske, glade hjarteslag.
Ja, Herre, alt det som du gjorde
er ungt som det var skapt i dag.

Det kjærleg på oss alle tenkjer
med leik i dansen frå og til,
og av det gylte hornet skjenkjer
det helsebot til kven som vil.

Kvar sen og sege stram seg spenner,
og løyst eg er av alle band,
og på mitt hovud liksom kjenner
eg livsens varme, signa hand.

Aasmund Olavsson Vinje