Vegen gror til med mose og trær
Fjelltur

Ytste Raudeggvatnet

Sogn og Fjordane, Vågsøy

Vatnet ligg på 183 moh i lett terreng/ skogsvei frå bebyggelsen i Brunsvik ved Nordfjordvegen (Rv.15) mellom Nordfjordeid og Måløy.  Det er ikkje opparbeidd parkeringsplasser, men om en kjører godt ut er det god plass utanfor kvitstripa ved et par avkjørsler til bebyggelsen.

Busetnaden i Brunsvik er ikkje stor. For oss som ofte kjøyrer forbi til alle årstider legg en merke til at solforholda er gode, det blir tidleg grønt i bakkane og trea skyt knopp fort og får farge.

Det er fleire stier opp til vatnet, den eg beskriver her er den letteste, uansett kva en velger må en gjennom gårdstun. Vegen opp til dette gårdstunet går på grusvei fram til driftsbygningen (løa) og husene. Det beste er å gå vegen ganske inntil boligen og ikkje gjennom den dyrka marka. Lokalt blir plassen og omtala som Raudeggja.

Parkering ved riksvegen.

Parkering ved riksvegen.                    

Kartet viser området ved vatnet.

Kartet viser området ved vatnet.

 

Vegen forbi / Gjennom gårdstunet

Vegen forbi / Gjennom gårdstunet

Stien går gjennom graset på oppbygde murer. Fjelltoppen lengst bak er Veten 459 moh

Stien går gjennom graset på oppbygde murer. Fjelltoppen lengst bak er Veten 459 moh

 

 

 

 

 

 

 

 

Ved boligen tek en til høgre og går på oppbygde murer. Som en ser av bilda er det lagt ned mykje arbeid i tidligare tider for å ha som ferdselsårer mellom slåttemark og fjøs, det var ikkje lett å drive gård i bratte vestlandsbygder, en måtte utnytt det en hadde. En må ta seg tid til å sjå seg rundt på tur og sanse, intrykka er mange når en tenkjer på tida det tek å legge opp mur for at veien skal være farbar. Det er lett å ferdast i terrenget med så fine stier og veier.

Vegen gror til med mose og trær

Vegen gror til med mose og trær

Hornelen 860 moh er vanskeleg å få auge på i tåka, den ligg på øya Bremanger.

Hornelen 860 moh er vanskeleg å få auge på i tåka, den ligg på øya Bremanger.

Uthus stå langs veien mot utmarka, her var det og ly for beitende dyr.

Uthus stå langs veien mot utmarka, her var det og ly for beitende dyr.

 

 

 

 

 

 

 

 

Når en kjem gjennom skogen og i utmark blir terrenget åpnære – mere utsikt både mot fjella og fjorden. Over fjorden -på andre sida av Nordfjorden ser en Rugsundøy med den freda handelstaden Rugsund (frå 1600 talet), og bak der ligg Bremangerlandet med Hornelen på 860 moh som er Nord-Europas høgaste sjøklippe.

Opnere landskap, og lett terreng å bevege seg i.

Opnere landskap, og lett terreng å bevege seg i.

Handelstaden Rugsund kan en skimte over fjorden.

Tåka har letta litt over Hornelen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Framme ved vatnet kan en no nyte stillheta, sildringa i osen. Småfuglane kvitrer og fyk i ring. I området er det fleire vatn som ligg etter en annen og her er rikelig med småaure. I dag var det en del vind så det var ikkje lett å få fisken på kroken men nappa gjorde det. Nokre av grunneigarane har naust på denne sida av vatnet, Raudeggsætra – på andre sida, desse kan ikkje sjåast herfrå på grunn av neset som stikk fram. Om en ikkje har båt er det mulig å gå over åsen -ein tur på ca 25 minutt. Det høgste fjellet i Vågsøy kommune sees over vatnet, dette er Sankta Synnevahornet 689 moh. Herfrå er det mange andre turmål som ikkje ligg langt unna, nokre lette og andre med litt stigning. Turen hit tek ca 45 minutt i roleg gange frå parkeringa ved vegen.

 

Framme ved vatnet og like ved osen ligg naust og båtar. Her ser en Sankta Synnevahornet.

I dag var det en del vind ved vatnet, det gav ingen fisk på kroken -men en del kom på overflata.

Ytste Rødeggvatnet.

Previous Post

You Might Also Like

No Comments

Leave a Reply

Time limit is exhausted. Please reload CAPTCHA.