All Posts By

Arve Flataker

Vegen gror til med mose og trær
Fjelltur

Ytste Raudeggvatnet

Sogn og Fjordane, Vågsøy

Vatnet ligg på 183 moh i lett terreng/ skogsvei frå bebyggelsen i Brunsvik ved Nordfjordvegen (Rv.15) mellom Nordfjordeid og Måløy.  Det er ikkje opparbeidd parkeringsplasser, men om en kjører godt ut er det god plass utanfor kvitstripa ved et par avkjørsler til bebyggelsen.

Busetnaden i Brunsvik er ikkje stor. For oss som ofte kjøyrer forbi til alle årstider legg en merke til at solforholda er gode, det blir tidleg grønt i bakkane og trea skyt knopp fort og får farge.

Det er fleire stier opp til vatnet, den eg beskriver her er den letteste, uansett kva en velger må en gjennom gårdstun. Vegen opp til dette gårdstunet går på grusvei fram til driftsbygningen (løa) og husene. Det beste er å gå vegen ganske inntil boligen og ikkje gjennom den dyrka marka. Lokalt blir plassen og omtala som Raudeggja.

Parkering ved riksvegen.

Parkering ved riksvegen.                    

Kartet viser området ved vatnet.

Kartet viser området ved vatnet.

 

Vegen forbi / Gjennom gårdstunet

Vegen forbi / Gjennom gårdstunet

Stien går gjennom graset på oppbygde murer. Fjelltoppen lengst bak er Veten 459 moh

Stien går gjennom graset på oppbygde murer. Fjelltoppen lengst bak er Veten 459 moh

 

 

 

 

 

 

 

 

Ved boligen tek en til høgre og går på oppbygde murer. Som en ser av bilda er det lagt ned mykje arbeid i tidligare tider for å ha som ferdselsårer mellom slåttemark og fjøs, det var ikkje lett å drive gård i bratte vestlandsbygder, en måtte utnytt det en hadde. En må ta seg tid til å sjå seg rundt på tur og sanse, intrykka er mange når en tenkjer på tida det tek å legge opp mur for at veien skal være farbar. Det er lett å ferdast i terrenget med så fine stier og veier.

Vegen gror til med mose og trær

Vegen gror til med mose og trær

Hornelen 860 moh er vanskeleg å få auge på i tåka, den ligg på øya Bremanger.

Hornelen 860 moh er vanskeleg å få auge på i tåka, den ligg på øya Bremanger.

Uthus stå langs veien mot utmarka, her var det og ly for beitende dyr.

Uthus stå langs veien mot utmarka, her var det og ly for beitende dyr.

 

 

 

 

 

 

 

 

Når en kjem gjennom skogen og i utmark blir terrenget åpnære – mere utsikt både mot fjella og fjorden. Over fjorden -på andre sida av Nordfjorden ser en Rugsundøy med den freda handelstaden Rugsund (frå 1600 talet), og bak der ligg Bremangerlandet med Hornelen på 860 moh som er Nord-Europas høgaste sjøklippe.

Opnere landskap, og lett terreng å bevege seg i.

Opnere landskap, og lett terreng å bevege seg i.

Handelstaden Rugsund kan en skimte over fjorden.

Tåka har letta litt over Hornelen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Framme ved vatnet kan en no nyte stillheta, sildringa i osen. Småfuglane kvitrer og fyk i ring. I området er det fleire vatn som ligg etter en annen og her er rikelig med småaure. I dag var det en del vind så det var ikkje lett å få fisken på kroken men nappa gjorde det. Nokre av grunneigarane har naust på denne sida av vatnet, Raudeggsætra – på andre sida, desse kan ikkje sjåast herfrå på grunn av neset som stikk fram. Om en ikkje har båt er det mulig å gå over åsen -ein tur på ca 25 minutt. Det høgste fjellet i Vågsøy kommune sees over vatnet, dette er Sankta Synnevahornet 689 moh. Herfrå er det mange andre turmål som ikkje ligg langt unna, nokre lette og andre med litt stigning. Turen hit tek ca 45 minutt i roleg gange frå parkeringa ved vegen.

 

Framme ved vatnet og like ved osen ligg naust og båtar. Her ser en Sankta Synnevahornet.

I dag var det en del vind ved vatnet, det gav ingen fisk på kroken -men en del kom på overflata.

Ytste Rødeggvatnet.

Fjelltur

Flofjellveien

For å komme til dette mesterstykket av ei ferdselsåre mellom to bygder kjører en til Hellesylt, videre frem Synnylvsbygda som består av fleire små grender. Flofjellsveien er ei gammel ferdselsåre mellom Synnylven/Hellesylt i Stranda kommune og Flo i Stryn kommune.

Komunen har tilrettelagt parkeringsplass, informasjonsskilt og satt opp et bygg som innehar toalett og overbygd rasteplass.

Infotavle

Oversiktsbilde tatt frå infoskiltet satt opp av kommunen.

Frå parkeringa er det ei lita stigning fram til første grinda. Det er ikkje problemer å ta seg fram hverken til fots –på sykkel eller med barnevogn. Veien innover er gruslagt og går langs Nedstevatnet fram til Nestevassætra videre inn til brua ved Stigholvatnet. Herfrå er veien smalere med fint oppmurte murer som er mosegrodde, godt farbar med både vogn og sykkel. Smaleste partiet er ved Stegolen. Om en vil prøve fiskelykka er det mulighet for å kjøpe fiskekort -eg snakka med en lokal (mulig grunneiger) han kunne fortelle at det er fin Ørret i vatnet. Langs Nedstevatnet er det satt opp benker og bord. Det er beitedyr i området så pass på å lat att grindene.

Skogsveien langs Nedstevatnet.

Nedstevatnet, fleire naust ligg på rekke i enden på vatnet.

Nestevassætra

 

Historia om vegen finn en på ei oppslagstavle ved Stegholen- og eg siterer herfrå: “Vegen er omlag 10 km og vart nytta til driftetrafikk frå møre med kyr og hestar, det var her ruta gjekk over fjellet ned til bygda Flo, over Oppstrynvatnet og over Jostedalsbreen og til Austlandet. Folket på gardane Vollset og Brekke sokna fram til 1848 prestegjelda i Innvik og Stryn og var av den grunn nødt for å nytte Flofjellvegen som kyrkjeveg og til offentlige ærend. Ellers ble den da nytta til handelsveg, postveg, turistveg og friarveg.”

Stegholbrua

Vegen langs Stegholvarnet.

Fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane går i Stegholen midt på Stegholsvatnet. Dette er markert med en grensestein. Her i Stegholen er det eit ope hol opp gjennom fjellet, det er godt å sjå at det blir brukt til å krype gjennom, noko som sikker er spennende for unger. Det er her vegen er på det smaleste med steile fjellet på eine sida og rett i vatnet på den andre.  Det må ha vert eit slit og ei utfordring å bygge dette veistykket. Imponerende og mange tankar gjer en seg når slike intrykk sanses.

Grensestein

Nokre plassar stå fortsatt dei gamle rekkverka

Når så dette imponerende veistykket er i akttatt og pasert kjem en fram til dei første sætrene mot nord tilhøyrande dei øvste gardane på Flo som vert kalla Oppigardane, dette fordi det skil med gardane – nede og oppe i bygda. Sætrene til dei nede i bygda -Nigardane ligg lengst sør og bak Skihytta. Det er altså eit skilje mellom desse to setervangane.

 

Trea vik ikkje for rekkverket

Sætertun til øvste gardane på Flo –Oppigardane

Falleferdige fjøs

Min tur i dag stoppa ved Skihytta som ligg på 535 moh, og ved munningen på Ångelsvatnet. Denne hytta har ei lang historie -er gammal og har vore flytta flere ganger og vart reist her i 1922. Den har vore brukt til overnatting for veiarbeidar på Flofjellsvegen, om vinteren til skitevling, dans og anna moro. Det er grunneigarane på Flo som eig, driv og vedlikeheld hytta. Veien herfrå og ned til bygda Flo er god traktorveg men bratt. Eg gjekk ikkje bortom  sætrene som ligg bak skihytta.

Å, sitje her – nyte stillheta, høyre fuglane, klukking frå elva som sakte renn forbi og «suse» oppe i fjellsida av større  elver som renn utfor er heilt fantastisk.  Ta turen, nyt naturen, beundre det arbeidet som er gjort, tenk det slitet og dei arbeidstimane som er lagt ned for å gjennomføre desse ferdselsårene som vi har mange av i dette landet.

Skihytta

Skihytta like ved brua

Idyllisk plaserte hytter ved Ångelsvatnet